Magnetisme - verkar det tiltrekkjande?

Kva er ein magnet? Kva kan vi bruke magnetar til? Korleis kan vi lage elektrisk straum ved hjelp av magnetar? Har du sett nordlys nokon gong? Kva er det?

I dette kapitlet skal du lære om magnetar, om korleis dei verkar, og om kva vi kan bruke dei til. Vi skal sjå på samanhengen mellom magnetisme og elektrisitet, og du skal få vite kva nordlys kjem av.

Til dette kapitlet er det laga ei felles oppgåvesamling, sidan kapitlet ikkje er så langt. Dei fleste oppgåvene er på nivå 1.