Det myldrande livet - frå mikrosmått til gigastort

Mangfold i naturen

 

Kva er ein åtselgravar? Kvar er flaggermusene om vinteren? Kan vi ete karvekål?

I dette kapitlet om Det myldrande livet skal du lære litt om nokre av dei dyra og plantane som utgjer det store mangfaldet i naturen. Vi skal spesielt sjå på nokre som lever nær deg – anten det er i byen eller i åker og eng.  

Du kan prøve kunnskapane dine ved å gå laus på dei ulike oppgåvene som ligg her under kapittel 1 på nettstaden: løys kryssordet, finn ut kva som er på biletet, løys fleirvalsoppgåvene osv.

 

Det er også laga ein kapittelprøve. Kanskje det kan vere moro å prøve kva du kan før du har lese kapitlet, for så å ta prøven på nytt etter at de har gjennomgått kapitlet? Har du lært noko nytt?