Kapittel 6 Lyd og hørsel - høyrt og uhøyrt

 

Kva er ein lyd? Kvifor kan vi høyre lydar? Korleis «snakkar» dyr med kvarandre? Kva er støy, og korleis kan vi beskytte oss mot støy?

I dette kapitlet skal vi sjå på kva lyd er, vi skal lære om korleis øyret er bygd opp, og korleis vi blir utsette for støy.

Du kan prøve kunnskapane dine ved å gå laus på dei ulike oppgåvene som ligg her under kapittel 6 på nettstaden: Løys kryssordet, løys fleirvalsoppgåvene, osv.

Det er også laga ein kapittelprøve. Kanskje det kan vere moro å prøve kva du kan før du har lese kapitlet, for så å ta prøven på nytt etter at de har gått gjennom kapitlet? Har du lært noko nytt?