Kapittel 5 Teknologi og design - frå robåtar til robotar

 Kva meiner vi med teknologi? Kva er design? Kva jobbar ein designar med? Korleis verkar vektstangprinsippet? Korleis lagar vi ein musefellebil?

I dette kapitlet skal vi sjå på nokre viktige oppfinningar i menneskehistoria. Vi skal vise korleis forskjellige typar teknologi blir brukte i samfunnet, og vi skal utvikle og lage våre eigne produkt.

Du kan prøve kunnskapane dine ved å gå laus på dei ulike oppgåvene som ligg her under kapittel 4 på nettstaden: Løys kryssordet, løys fleirvalsoppgåvene, osv.

Det er også laga ein kapittelprøve. Kanskje det kan vere moro å prøve kva du kan før du har lese kapitlet, for så å ta prøven på nytt etter at de har gått gjennom kapitlet? Har du lært noko nytt?