Kapittel 4 Elektrisitet - ikkje til å ta og føle på

Kva er eigentleg elektrisitet? Kvifor blir det lyn og tore? Korleis kan eg lage ein elektromagnet? Kva er ein isolator?

I dette kapitlet skal du lære litt om elektrisk energi og elektrisk straum. Vi skal sjå på korleis vi produserer elektrisk energi, og korleis vi kan utnytte samanhengen mellom elektrisitet og magnetisme.

Du kan prøve kunnskapane dine ved å gå laus på dei ulike oppgåvene som ligg her under kapittel 4 på nettstaden: Løys kryssordet, løys fleirvalsoppgåvene, osv.

Det er også laga ein kapittelprøve. Kanskje det kan vere moro å prøve kva du kan før du har lese kapitlet, for så å ta prøven på nytt etter at de har gått gjennom kapitlet? Har du lært noko nytt?