Kapittel 2 Vêret - Det regner kattar og bikkjer

Kan det regne kattar og bikkjer, eller kanskje froskar? Er det forskjell på ein orkan og ein tyfon? Kva er lyn? Skjøner du alt som vêrvarslaren snakkar om på tv?

I dette kapitlet skal du lære litt om kva vi meiner med vêr og klima. Og vi skal sjå på ulike vêrfenomen, og du skal få vite kva det betyr når vêrvarslaren for eksempel melder at vi kjem til å få eit høgtrykk.

Du kan prøve kunnskapane dine ved å gå laus på dei ulike oppgåvene som ligg her under kapittel 2 på nettstaden: Løys kryssordet, finn ut kva som er på biletet, løys fleirvalsoppgåvene, osv.

Det er også laga ein kapittelprøve. Kanskje det kan vere moro å prøve kva du kan før du har lese kapitlet, for så å ta prøven på nytt etter at de har gått gjennom kapitlet? Har du lært noko nytt?

Nettressursar

Meterologi - video

http://kunnskapsfilm.no/video/meteorologi/

Kunnskapsfilm.no