Kapittel 1 Samspel i naturen

Kven et kven i naturen? Kva er ei næringskjede? Kva soppar kan vi ete, og kva for nokre er giftige?

I dette kapitlet om samspelet i naturen (økologi) skal du lære litt om korleis planter og dyr kan vere avhengige av kvarandre.

Og vi skal sjå på soppar som både er til glede og gru for oss menneske.

Du kan prøve kunnskapane dine ved å gå laus på dei ulike oppgåvene som ligg her under kapittel 1 på nettstaden: Løys kryssordet, finn ut kva som er på biletet, løys fleirvalsoppgåvene osv.

Det er også laga ein kapittelprøve. Kanskje det kan vere moro å prøve kva du kan, før du har lese kapitlet, for så å ta prøven på nytt etter at de har gått gjennom kapitlet? Har du lært noko nytt?