Energi må til, eller skjer det ingen ting

Kva meiner vi med rørsleenergi? Kvifor kallar vi kol, olje og gass for fossilt brensel? Kva er drivhuseffekten? Kva enøk-tiltak bruker de heime?

I dette kapitlet ser vi på kva energi er, kva for energikjelder vi har, og korleis vi kan utnytte dei. Vi tek også opp korleis bruk av energi kan endre omgjevnadene våre, og kva for energikjelder vi bør bruke i framtida.

Du kan prøve kunnskapane dine ved å gå laus på dei ulike oppgåvene som ligg her under kapittel 3 på nettstaden: Løys kryssordet, finn ut kva som er på biletet, løys flervalsoppgåvene osv.

Det er også laga ein kapittelprøve. Kanskje det kan vere moro å prøve kva du kan før du har lese kapitlet, for så å ta prøven på nytt etter at de har gjennomgått kapitlet? Har du lært noko nytt?