Pass godt på kroppen din

Kor mange knoklar har du i kroppen din? Kva heiter den største muskelen du har? Kvifor bør du ete fiberrik mat? Kva er ein tanke? Er det usunt å snuse?

I dette kapitlet ser vi på korleis kroppen kan bevege seg ved hjelp av nervesystemet, skjelettet og musklane. Du lærer litt om korleis trening og riktig kosthald hjelper til med å gjere deg sterk, og korleis tobakk, alkohol og narkotika verkar på kroppen.

Du kan prøve kunnskapane dine ved å gå laus på dei ulike oppgåvene som ligg her under kapittel 3 på nettstaden: Løys kryssordet, finn ut kva som er på biletet, løys fleirvalsoppgåvene osv.

Det er også laga ein kapittelprøve. Kanskje det kan vere moro å prøve kva du kan, før du har lese kapitlet, for så å ta prøven på nytt etter at de har gått gjennom kapitlet? Har du lært noko nytt?