Menneskekroppen - eit fantastisk underverk!

Korleis blir eit barn til? Kva skjer med oss i puberteten? Korleis ser vi ut inni kroppen?

I dette kapitlet om Menneskekroppen skal vi sjå på utviklinga frå ei befrukta eggcelle og fram til eit fullt utvikla foster. Du skal også lære litt om nokre viktige organ i kroppen vår. Korleis ser dei ut, kvar finn vi dei, og kva kan vi bruke dei til? Og til slutt ser vi på dei endringane som skjer med kroppen vår når vi går frå barn til vaksen.

Du kan prøve kunnskapane dine ved å gå laus på dei ulike oppgåvene som ligg her under kapittel 1 på nettstaden: Løys kryssordet, finn ut kva som er på biletet, løys fleirvalsoppgåvene osv.

Det er også laga ei kapittelprøve. Kanskje det kan vere moro å prøve kva du kan før du har lese kapitlet, for så å ta prøva på nytt etter at de har gått gjennom kapitlet? Har du lært noko nytt?