Plantene - grøne venner, lumske giftmordarar

Kva er verdas største blom? Kva for ein er det som heiter Tussilago farfara? Kva er ein potetprest?

I dette kapitlet om Plantene skal du lære litt om mange forskjellige planter. Korleis ser dei ut, og kvar finn vi dei? Kva kan vi bruke dei til? Korleis formeirar dei seg?

Du kan prøve kunnskapane dine ved å gå laus på dei ulike oppgåvene som ligg her under kapittel 1 på nettstaden: Løys kryssordet, finn ut kva som er på biletet, løys fleirvalsoppgåvene osv.

Det er også laga ein kapittelprøve. Kanskje det kan vere moro å prøve kva du kan før du har lese kapitlet, for så å ta prøven på nytt etter at de har gjennomgått kapitlet? Har du lært noko nytt?